Glødande kjærleik

 


I timen det mørknar på glitrande blåne
skin strålar av sola i eldfulle glør
So lyser det minner i veksande måne
som tankar kring livet som hjarta mitt blør

Du kjelde av visdom og ungdommens styrke
av truskap og brorskap i brennande blod
Du glødar i kjærleik eg kjærkome dyrke
når livsdagen tagnar so strøymer di ro

Frå elskoven mektig veks arven til elden
den sloknar ei aldri om dag går mot natt
No blunkar det kjærleik i svermande kvelden
du lystige flamme min kjærkomne skatt

Tekst og foto 
G.Skaar

I all æve


No skodar eg syner so tindrande flott
som kveldsola stille meg sender
Mot havet ligg draumar av skinande slott
dei gløder mot heimlege strender

Eg kjenner på lukke frå himmel og nut
dei varmar og lindrar meg nære
No minnest eg gleda eg hadde som gut
då eldhugar levde so kjære

Sjå solbrune jenter med lystige smil
i hildring dei svingar og dansar
Til songar av kjærleik frå tusande mil
eg visseleg høyrer og sansar

Dei mjukaste former renn tankane fri
vi smeltar til eitt her i kvelden
Og natta mi lyser den næraste sti 
eg ottast ei pinsler og elden

Ja hit vil eg koma når livsdagen renn
når jordiske sansar tek ende
Sjå himmelske salar som strålar og brenn
i takksemd til åra han sende

Tekst og foto
G.Skaar

Besta og lyset

 


Eg minnast ei glede i andakt og sang
med salmar som lydde frå stova
Eit orgel med trøer av særeigen klang
som tona når eg skulle sova

Og båten var liten og havet var stort
vår Jesus han sytte for alle
Ho besta var lyset av venaste sort
eg endå kan høyre ho kalle

Min Gustav Min Gustav pass frelsa di no
for kjeltringar lurer kring nòva
Les boka syng salmar mot helvetes flo`
du freden i livet blir lòva

Ho besta var trufast til døyande dag
men fråfall tok handa åt guten
Ho evige frelse nok fekk av eit slag
der eg søkjer framleis i gruten

Ja tider skal kome og tider skal gå
og ungar lèt humlene suse
Om boka er vegen veit aldri dei små
som leikar av glede i huset

Tekst G.Skaar
Foto Jens Boge 

Minne om jul

 


Kveldsola dansar i raudlète smil
på prektige øyar og dalar
Og heilage stjerner frå tusande mil
ser jorda frå himmelske salar

Stille sit kallen og ser frå sitt glas
at mørket sig sakte rundt nòva
Med minnene mange frå høgtid og stas
og kona som stelte i stova

Einsam i skuggen av knitrande eld
han skjenkjer seg kaffi frå kanna
Og trufast i handa han Bibelen held
den himmelske mektige manna

Han myser mot sola som kvervar i hav
den livgjevne glitrande sæla
Og tenkjer på livet som kravde og gav
han dagane mødesamt træla

Ja, livet er minne og åra vert natt
ei stråle av sola tek ende
Den gråstenkte kallen ber livet sin skatt
som dagar av lyset han tende

Tekst og foto
G.Skaar

Til tapre små

 


 I mørket er sanning at alle er grå
Ja ingen ser skilnad på mennesker då
Til grava og molda har alle billett
so kalla di glede om livet er slett

No lyser det heimar i glede og sorg
Ei kvinne sit fengsla med huset som borg
Men dagar skal skine som djupaste takk
til den som har flykta frå grava sin makk

Ja kjærleiken sviv som ein stor karusell
I tårer og sorger når andre har hell
Men reisa til lyset kan finne seg to
som alle treng mørket og kvila i ro

Du elskar av lyset og natta so god
som strålar i glede og brusar av blod
Vi tankane sender til alle i kveld
som kjempar mot kulde og brennande eld

Tekst og foto
G.Skaar

Snøblomen

 


Du vakraste ven
mitt blendande land
Heldig var eg som fekk deg
Fald ut ditt hår
di kjærlege hand
Nærleik du gir på min veg

Tekst og foto
 G.Skaar

Flammande lyster

 


 Det raudnar i kvelding ved glitrande randa
av tunger frå sola skin sjela av glød
I flammar stig krefter frå utstrekte handa
i eldhug og elskhug mitt daglege brød

Du kjelde av visdom og ungdommens styrke
i truskap og brorskap av brennande blod
Du glødar i kjærleik eg kjærkome dyrke
når livsdagen tagnar so strøymer di ro

I elskoven mektig stig arven til livet
han aldri ei brånar om dag går mot natt
Du blunkar so kjærleg eg elskar å klive
min flammande kjærleik og lystige skatt

Tekst og foto 
G.Skaar

Siste tur

 


Den vesle kròkne kona
lèt stille døra att
der kalde vindar susar
 og lyset svinn mot natt

Ho fàrne dagar minnest
 frå gamle tiders dom
og gløtter bort på bilder
i kalde tomme rom
 
Det flakkar lys or glasa
 ho faldar hender små
Og takkar lyse dagar
 då borna drog her frå

Ho skodar fjella kvite
 dei vinkar helsing pur
 Til endes går no reisa
 dit skrukne gamle bur

Eit liv ho ber til endes
eit sinn finn evig ro
Som sol av morgon lyser
åt borna like god

Tekst og foto 
G.Skaar

Brorskap

 


Det kveldar i fjellet min tanke er fri
Eit vindpust meg kjælar på kjaken
Eg skodar ei glede på hav og i li
Og nærleiken blottar meg naken

Åleine eg hentar ein styrke frå deg
Eit brorskap av utstrekte hender
I kjærleik du lyser av draumar til meg
Ei spegling du visseleg sender

Frå fjella eg helsar ei snor til mitt liv
I skodde og møye meg leier
Når kulden og ropet frå mørket meg riv
Eg høyrer du godorda seier

Tekst og foto 
G.Skaar

Tenn meg eit lys

 


Blant stjerner og åsar sit eg her i kveld
takksam og glad over kjærleikens eld
Fridomen skin over landet eg bur
lukkeleg fri for eit kvart diktatur

I randa spring kvinner med småbarn på arm
dirrande redsla strøymer i barm
Bombene flammar på himmelen raud
ungar og gamle blodige daud

Stundom eg tenkjer på livet du mor
kvifor skin lyset so gudlaust på jord
Når kvinner og søner av brennande blod
spring svoltne og redde når andre har flod

Ja, livet er urett so gi meg eit svar
kvelden min fostrar ein krigsherja far
Tenn meg eit lys for min kjæraste skatt
so liten og audmjuk eg tenkjer i natt

Tekst og foto 
G.Skaar

Call of the wild


 The call of the wild 
keeps ringing my ears
Like tunes on my mobile 
in darkness
Say duty my son 
will linger your soul
When silence hits hard
in the morning

Tekst og foto
G.Skaar

Leve våren


 Eg løfter mitt blikk mot den strålande dagen
den brenn som eit under for alle
Eg ligg her i graset i grønkande hagen
og sola ho steikjer min skalle

Eg ser ut i draumen av spirande flora
som vinkar i vårbrisar linne
I bjørka på tunet so skvaldrar no skjora
ho kattane tergar til sinne

Det beinflyg ei fluge med kvinande låtar
som buldrar i vårvàre øyre
På fjorden so dunkar det nylakka båtar
den vakraste vårlyd du høyre

Frå fjella eg lyer ei klukkande læte
av bekkar som leikande fløymer
Og gylla ho luktar ei stinkande væte
so grasstråa grøderikt strøymer

Det brækar av sauer med sprengfylde spener
so lamma med halane tirrar
Og sonen i huset med nyfrelste gener
han lettkledde jentene pirrar

Trompeten til frua eg brått lyer sanse
eit vitne om lysteleg hjarte 
Det ulmar i tanken ein bankande transe
av vårdagar rike og bjarte

No yrer det glede i livslyse stunder
so vårgraset kitlar min mage
For solkjære fuglar eit lukkeleg under
som sorgfrie dagar kan lage

Tekst og foto 
G.Skaar

Luft av kjærleik


 Eg skal hoppe ut i vona
klemme lukka av ein vår
Og som konge skal eg krona
mine modne nye år

Eg skal strekkje mine hender
opp til lyset blått i sky
Og so springe mine strender
lett og ledig utan bry

Glad av lukke skal eg snuse
eim av blomar ved mi strand
Og so kjenne fossen bruse
vilt i kjærasten si hand

Kvar ein morgon skal eg vakna
ut av anden frå ami
Og ei aldri skal eg sakna
luft av kjærleik på min sti

Tekst og foto 
G.Skaar

Livet som fant


 Huset mitt bles seg på skakke
det bles gjennom vegger og tak
Men eg kan Vår Herre han takke
for sikta er slett inga sak

Åleine eg sit her i hòla
Fann lukka i ringaste ly
Lèt andre i byen få skråla
Eg nynnar mi glede i sky

Når sola går ned ut i havet
til skrattande ryper og trall
 Eg smiler av jordiske kavet
i riket til himmelens hall

I dagning meg solstrålar gyller
dei skattar mitt auge so gildt
So livlege tonar meg fyller
av flammande dagar so snilt

Ja livet som fant er ei lukke
i randa eg visdomen fekk
Om regnet frå taket mon klukke
 og vegger er aldri so lekk

Kan hende ei jente hit vankar
so vakker ein dag framom meg
Og kjærleik på døra mi bankar
i gleda av nygådde steg

Tekst og foto 
G.Skaar

Dronninga

 
Du lystig deg svingar i vinterens prakt
og held meg i handa i tangoens takt
Mi bjartaste hulder i famnen min varm
du frosten kan tine med brennande barm

Du kneisar som dronning so trufast i tid
fær aldri med vondskap men smiler so blid
Du stoltast meg sender eit attrå i brann
so skin for meg kjære eg audmjuke mann

Tekst og foto
G.Skaar