Tenn meg eit lys

 


Blant stjerner og åsar sit eg her i kveld
takksam og glad over kjærleikens eld
Fridomen skin over landet eg bur
lukkeleg fri for eit kvart diktatur

I randa spring kvinner med småbarn på arm
dirrande redsla strøymer i barm
Bombene flammar på himmelen raud
ungar og gamle blodige daud

Stundom eg tenkjer på livet du mor
kvifor skin lyset so gudlaust på jord
Når kvinner og søner av brennande blod
spring svoltne og redde når andre har flod

Ja, livet er urett so gi meg eit svar
kvelden min fostrar ein krigsherja far
Tenn meg eit lys for min kjæraste skatt
so liten og audmjuk eg tenkjer i natt

Tekst og foto 
G.Skaar

Ingen kommentarer: