Eg løfter mitt blikk mot den strålande dagen
den brenn som eit under for alle
Eg ligg her i graset i grønkande hagen
og sola ho steikjer min skalle
Eg ser ut i draumen av spirande flora
som vinkar i vårbrisar linne
I bjørka på tunet so skvaldrar no skjora
ho kattane tergar til sinne
Det beinflyg ei fluge med kvinande låtar
som buldrar i vårvàre øyre
På fjorden so dunkar det nylakka båtar
den vakraste vårlyd du høyre
Frå fjella eg lyer ei klukkande læte
av bekkar som leikande fløymer
Og gylla ho luktar ei stinkande væte
so grasstråa grøderikt strøymer
Det brækar av sauer med sprengfylde spener
so lamma med halane tirrar
Og sonen i huset med nyfrelste gener
han lettkledde jentene pirrar
Det brækar av sauer med sprengfylde spener
so lamma med halane tirrar
Og sonen i huset med nyfrelste gener
han lettkledde jentene pirrar
Trompeten til frua eg brått lyer sanse
eit vitne om lysteleg hjarte
eit vitne om lysteleg hjarte
Det ulmar i tanken ein bankande transe
av vårdagar rike og bjarte
No yrer det glede i livslyse stunder
so vårgraset kitlar min mage
For solkjære fuglar eit lukkeleg under
som sorgfrie dagar kan lage
som sorgfrie dagar kan lage
Tekst og foto
G.Skaar
G.Skaar
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar