Det raudnar i kvelding ved glitrande randa
av tunger frå sola skin sjela av glød
I flammar stig krefter frå utstrekte handa
i eldhug og elskhug mitt daglege brød
Du kjelde av visdom og ungdommens styrke
i truskap og brorskap av brennande blod
Du glødar i kjærleik eg kjærkome dyrke
når livsdagen tagnar so strøymer di ro
I elskoven mektig stig arven til livet
han aldri ei brånar om dag går mot natt
Du blunkar so kjærleg eg elskar å klive
min flammande kjærleik og lystige skatt
Tekst og foto
G.Skaar
G.Skaar
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar