Besta og lyset

 


Eg minnast ei glede i andakt og sang
med salmar som lydde frå stova
Eit orgel med trøer av særeigen klang
som tona når eg skulle sova

Og båten var liten og havet var stort
vår Jesus han sytte for alle
Ho besta var lyset av venaste sort
eg endå kan høyre ho kalle

Min Gustav Min Gustav pass frelsa di no
for kjeltringar lurer kring nòva
Les boka syng salmar mot helvetes flo`
du freden i livet blir lòva

Ho besta var trufast til døyande dag
men fråfall tok handa åt guten
Ho evige frelse nok fekk av eit slag
der eg søkjer framleis i gruten

Ja tider skal kome og tider skal gå
og ungar lèt humlene suse
Om boka er vegen veit aldri dei små
som leikar av glede i huset

Tekst G.Skaar
Foto Jens Boge 

Ingen kommentarer: