Siste tur

 


Den vesle kròkne kona
lèt stille døra att
der kalde vindar susar
 og lyset svinn mot natt

Ho fàrne dagar minnest
 frå gamle tiders dom
og gløtter bort på bilder
i kalde tomme rom
 
Det flakkar lys or glasa
 ho faldar hender små
Og takkar lyse dagar
 då borna drog her frå

Ho skodar fjella kvite
 dei vinkar helsing pur
 Til endes går no reisa
 dit skrukne gamle bur

Eit liv ho ber til endes
eit sinn finn evig ro
Som sol av morgon lyser
åt borna like god

Tekst og foto 
G.Skaar

Ingen kommentarer: