Brorskap

 


Det kveldar i fjellet min tanke er fri
Eit vindpust meg kjælar på kjaken
Eg skodar ei glede på hav og i li
Og nærleiken blottar meg naken

Åleine eg hentar ein styrke frå deg
Eit brorskap av utstrekte hender
I kjærleik du lyser av draumar til meg
Ei spegling du visseleg sender

Frå fjella eg helsar ei snor til mitt liv
I skodde og møye meg leier
Når kulden og ropet frå mørket meg riv
Eg høyrer du godorda seier

Tekst og foto 
G.Skaar

Ingen kommentarer: