Stormhyl


Raudiltre kjerringa flengjer mitt syn
stormhyla gneldrar i møte
Klistra og fanga i glødande lyn
borte er solstrålar søte

Kall på meg kjære og syng i min draum
vårdagar linne av sødme
Hildringar varme som tørkar opp flaum
skjelvande kåtskap i rødme

Roser i sommarsol blonder i vind
blomebrud lyser i natta
Kjærleikens vindar gjer mennesker blind
kjenslene djupe og skatta

Tekst og foto
G.Skaar 

Ingen kommentarer: