gav syner forunt både lensmann og prest
Den heilaga dagen i tia mot jul
gav englar som dala frå himmel i skjul
Blant røter av ròte so daude av liv
frå visnande haustløv og leikande siv
sprang fargar av lyset meg lukst midt i mot
det var som om Jesus var vakna på rot
Om jorda vår kokar av terror og naud
sprang Jesus frå blomen so tindrande raud
Ja håpet det lever so visst i ditt sinn
om dagar er mørke og tidene svinn
Turen til havet gav tanken min klår
kjærleik skal blomstre der vondskapen rår
Og flyktningar glitre av voksteren stor
om Listhaug er tykjen si nedrige mor
Tekst og foto
G.Skaar
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar