Fylle kula


Fylle kula riv i sjela
Bringa hamrar krefter dør
Vanskar gnagar vil deg kvela
Mayday skingrar hjarta blør

Alder tyngjer kvalmen bårar
Lommar tomme festen svir
Nevar klamme vener såra
Flyktar arge tykjen rir

Mørket lokkar natta vaknar
Beista kryp langs vegg og grus
Stupet ropar livet raknar
Kroppen styrt av evig rus

Tygg no steinar løft ditt bryne
Støtte bur i kvar ein stein 
Svelg din rus or skodde syne
Sjølv om du er redd og klein

Tekst og foto
G.Skaar

Ingen kommentarer: