Skraphaugen


Venskapen rann i turbinar av peng
ordet som runga var lukke
Truverd og sanning sokk nedrig i fleng
stilreine åndsverket slukke

Æra og draumen fann gravstad i stål
valmenn dei klappa i hender
Ingen bar tankar om skraphaugens gnål
lagnaden ungane skjender

Massen marsjerte i nystrigla drakt
taktfull på vegen til stølen
Ingen tok ordet om vatn si makt
dregne or vansira pølen

No skal ein døma ein pøbel på torg
vandel i grava skal ligge
Latter skal runge og aldri meir sorg
avskum skal skraphaugen tigge

Tekst og foto G.Skaar

Ingen kommentarer: