Redd for seg sjølv og sitt panser av stål
løynd mellom fjorlauv og stråa
Kjapt so tilbake til svartaste hòl
ryggen mot veggen i kråa
Brått kallar hausten og timane tèl
anger for livet som fange
Tida renn ut og la andre ta dèl
Tida renn ut og la andre ta dèl
dagar og minner so vrange
Eg søkjer lyset og smilande kinn
gjerda og grindane låge
Roser i håret og kjærleik i sinn
himmelske dråpar i bòge
Roser i håret og kjærleik i sinn
himmelske dråpar i bòge
Tekst og foto G.Skaar
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar