Sommarfuglen

Blant nips og glas ho skein av glød
av auger varme munnen rød
Ho lyste opp mitt sinn og sjel
eit eventyr tok meg til del

Ein fugl av lys rakk fram si hand
unik i frå eit framand land
Eg ynskte stryke hennar kinn
og eg bli skapt til Aladdin

Mitt blaff i tid gjekk fort forbi
og borte vart mi Hag Sophi
Eit minne frå ei draumeverd
ja, same kor eg elles fær
Tekst og foto G.Skaar

Ingen kommentarer: