Fjelltrall


Eg klatra eit fjell og såg kjærleiken stor
ho stråla av blendande sjarm
So brått lydde songen av genius kor
og korande englar med barm

Som bergteken fann eg den næraste klett
til koret av stemmene mjuk
Og spenning eg kjende i panna so sveitt
den strøymde frå hovud til buk

Men brått var ho borte og att sat eg att
åleine i fjellvindens bris
Det kjølna i baken frå iskald ein knatt
ja kjærleik har alltid sin pris

Min flammande kjærast var likevel fødd
kom regnvèr og vintrane hard
På glitrande toppar er tanken ei mødd
for vårsongen lyer so klar  

Tekst og foto G.Skaar

Ingen kommentarer: