Handa


Eg hugsar ein gong ei hand
ho snakka stille
Ho leia til grøne land
i tider ville
Ho gløda i kvart eit tak
av kjensler ømme
Og vinka med nobel smak
eg aldri glømme

Som elden i tørre strå
eg minnast fingen
Eg teva på høge tå
so fekk ho ringen
Eg aldri såg annan veg
enn utan handa
Den styrde med faste preg
fram gjennom landa

Ho synte vår dag med v
og natta flamma
So aldri eg måtte be
om ryggen kramma
Men tida tok handa mi
ho livet dulde
I myrkna gjekk siste sti
i vintrakulde

Tekst og foto G.Skaar


Ingen kommentarer: