Vokster


Livet ditt bølgjer fram og tilbake
Sørgjer i suppe og feirar i kake
Iskalde feilsteg skyt knivar i mage
Hinmannen gøyr som ein pest og ei plage

Kulden den gufsar kring øyrer av stein
Fjerne er minna om sist då du flein
Ramsvart er ropet til kvar er du sol
Helheimen lokkar no fram under jol

Kven kan deg hjelpa og koma på kjøl
når livet ligg drukna i sprit og i øl
Hald fast i den handa som lyser av dag
din morgon vil gry frå ditt slag

Tekst og foto G.Skaar

Ingen kommentarer: