Salige stunder


Det klukkar so livleg frå snøen
Ei skjor skrattar kåt i det blå
Ei vinterdvask fluge so kløen
på solveggen freistar ei krå

Eg plirar eit auge mot sola
Av pudder eg hugsar mi seng
Og leskar min gane med cola
til smilet av gledens terreng

I kjaken svir sola av rusen
Eit fly durar høgt opp i sky
Ein vasspytt seg samlar på grusen
der skvetter ein kate so kry

Eg vender mi nase mot havet
Som skimrar av sølv på mi tå
I gry var eg stolt som ein pave
for landet av gull fann eg då

Ein dråpe av sveitte frå håret
eg tørkar med handa mi mjuk
I stilla det blømer av året
til stunder på kvitaste duk

Det luktar av bollar frå stova
i solkroken dagen min skin
Ja, livet er fint bakom nova
med tankar av lys og Jasmin

Tekst og foto G.Skaar

Ingen kommentarer: