Eg undrast i spørsmål om englar og snø
Frå spora til kroppen i notid til død
Isande vindar frå kulde i barmen
Eldane lyser i tankar på varmen
Som kulden frå Hades brenn skriket i natt
Du varme frå Eros min glødande skatt
Hatande angest i uro meg møte
Lystene djupe i dagane søte
Det strålar eit spor i frå vogge til grav
Frå tindar og strender til flammar og hav
Auger av lyset ser spora i dag
Tause ligg minnene utan bedrag
-Tekst og foto G.Skaar
-Tekst og foto G.Skaar
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar