Blunkaren


Det blunkar ein harding så lurt opp på heia
han fører sin livnad her langt utom leia
Han kjenner nok vindane kalde og kvasse
og vinterens mørke han også kan trasse

No anar han tider av vårlege strålar
for harane kallar og rypene skrålar
Og dagane lysnar det brusar av glød
frå senga si mjuke av kvitaste snø

Eg blunkar tilbake til blunkarar eg
Eg møter dei ofte på eventyrveg
Finn ein i dag som du blunke til kan
Lær litt av væren med hjarte i brann

Tekst og foto G.Skaar

Ingen kommentarer: