Døra står nymåla vakker og blå
porten til nærvær og lengsel
Somme sit attom eit gitter med slå
dømde til dagar i fengsel
Pengar fordervar gjer ryggane ill
krøkte av tankar om håpet
Lærdomen kuar eit menneske snill
stengde av makta i skåpet
Dører kan opnast og lukkast i sinn
trelbundne tukta i vreide
Eg likar vårvinden varleg og linn
kjærleg han syner mitt leide
Tekst og foto
G.Skaar
G.Skaar
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar