Blotta naken


No kveldar min ungdom frå tankane fri
eit vindpust meg kjælar på kjaken
Eg skodar mi lukke på hav og i li
og nærleiken blottar meg naken

Åleine slår klokka av vårar med deg
eit brorskap av utstrekte hender
Og kjærleiken lyser opp draumar til meg
du sorgfrie dagane sender

Eg helsar deg opphav av snor til mitt liv
i skodde og møye meg leier
Når ropet frå mørket i tankane riv
eg høyrer du godorda seier

Tekst og foto
G.Skaar

Ingen kommentarer: