Reiste eg gjorde til sydlege land
veirsjuk av skodda på heimlege strand
Møtte so folket med stjerner i blikk
lynvindar skjenka meg kjølande drikk
Kvit som eit laken eg var då eg kom
Sveitten han sildra i senga som flom
Anden han teva som blåsten i belg
hjartet det hamra av ørken i svelg
Surra og grilla eg sløva i sol
Kroppen min gløda til hanane gol
Kongeleg frotsing av bugnande fat
knollen min tyktest so hjelpelaust lat
Lettkledde damer gav tankar i spinn
Nakne på stranda med bh-ar stinn
Gamalmanns tankar av nygrilla gris
Evneveik sleipe skolv munnen av glis
Kjølande handkle det gjorde meg godt
Fargerik hulder kom spradande brått
Gange so edel eit hildrande syn
jorda eg trefte som råka av lyn
Dronningar strøymde or eldgamal borg
Tankar om nakendom aldri ei sorg
Fargar og silke som kjølte ein kropp
himmelske drakter gav hjartet mitt hopp
Borte vart synet og att stod eg matt
Varmsvidde viking med kulde kvar natt
Kaldsleg i hugen som fjell ut av grus
tankar og tru som ei ørlita mus
Minna dei lyser frå brennande strand
venskap og truskap frå venleg ei hand
Tankar eg sender til kjærlege fjes
Små er nok kongar på heimlege nes
Tekst og foto G.Skaar
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar