Uro lyster riv i sjela
Krefter ut or bringa spring
Vanskar tyngjer vil deg kvela
Lyset blinkar klokka kling
Dagen ropar angest dåre
Lommar tomme festen svei
Nevar klamme vener såre
Nevar klamme vener såre
Flyktar vreide lange lei
Mørket lokkar viljen slaknar
Mørket lokkar viljen slaknar
Dyra kryp langs vegg og grus
Stupet ventar livet raknar
Stupet ventar livet raknar
Kroppen styrt av evig rus
Bit i bakken løft di nase
Støtte bur i kvar ein stein
Gravlegg gamle vonde vase
Sjølv om du er sår og klein
Tekst og foto G.Skaar
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar