Som tårer flyt rusen av svir i granitt
og sprit brenn i syrfylte magar
Og sorgene strøymer i beintøff transitt
mot skjærseld frå heslige dagar
Di uro er tufta på lengselen bort
for atter å hige tilbake
Men dagane ender seg skammeleg fort
som skjelvande haustlauva svake
Ein kaldbrann er svøpa frå flykt og pasjon
din styrke i ego treng grine
For isfaklar sloknar på neste stasjon
og sprudlande dagar skal skine
Tekst og foto G.Skaar
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar