Tida er inne for stressing og mas
storsalet ventar med glitter og fjas
storsalet ventar med glitter og fjas
Karboen strøymer og ovdrykken brenn
slektskap og vener i kavete renn
Mange dei håpar på høgstunder stor
somme dei undrar nok så kva dei gjord`
Nyåret glødar når kjerring forsvinn
andre sit faste i edderkoppspinn
Gleda er prima for alle dei små
skjeggete nissar er skumle å sjå
Vismannens oppdrag eit gåtefullt drift
bibelen tykkjest nok framand som skrift
Gåva mi tindrar der bort i det blå
skin ut av glede for dagane få
Spirer om vårane somrar og snø
lysande dagar og daglege frø
Tekst og foto G.Skaar
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar