I dagning svarar du ja
Dagen med deg vil eg ha
Døsande vaknar du til
Kjælen og stundom so vill
Kjælen og stundom so vill
Ukrenkt ligg du og skin
Tindrande vakker og fin
Æveleg gamal og grå
Lukkeleg visdom å sjå
Furene lyser i dag
Furene lyser i dag
Åra gror snare i lag
Auger av klarsyn og mot
Spirer i sinn og i rot
Min Hebe i alder og vår
Kjærleikens kjelde du rår
Flammande kjensler for deg
Flammande kjensler for deg
Glede du gir på min veg
Tekst og foto G.Skaaar
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar