Her vandra ei kone på stølstrappa rein
og livet står skrive i veggen
Ho lite nok tenkte på framtidas mein
at stølsvollen fin vart til kleggen
I nøysemd og takksemd til grødene skral
var dagen eit slit kringom nòva
Og maten og vasken var evig eit bal
ho ullplagga stelte og tòva
Men ungar og husbond dei knappaste såg
kor frua ho streva til dagen
Ho søvnlaus om natta i storsenga låg
med bibelen vonfull på magen
Guds velde det pustar og tek til si hand
ei dronning som sleit seg so mager
Og tida den kvervar for alle til sand
mot haustdagen livsstraumen fager
Guds velde det pustar og tek til si hand
ei dronning som sleit seg so mager
Og tida den kvervar for alle til sand
mot haustdagen livsstraumen fager
Ja, tider skal kome og tider skal gå
til slutt ligg vi jamsid`s og like
Men ingen veit dagen vi reiser her frå
på turen til himmelens rike
Tekst og foto G.Skaar
Tekst og foto G.Skaar
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar