Sola og gummimakken


Stråla treff so ømt ein gummimakk
Kva plagar deg min ven som er so slakk og skakk
No skal eg skine varmt for deg du gamle patriark
som heng så trist og einsam her ut i øydemark

Eg helsar glad den muntre som tenkjer slik på meg
No heng eg her i skjulet for livets neste steg
Men skinnet mitt har morkna for tida går så fort
Og mesteren har sovna og ikkje gjer han stort

No skal eg varme huda di med vårens nye makt
So skal du tenkje fint om deg i blomster-rike drakt
Til palen hoppar livleg og bonden hentar deg
då blir det liv i naustet so gleda spreiar seg

Du er så lett til sinns du, du kjære stråla mi
Eg varmen din kan kjenne og håpet kan du gi
Eg ser ut over fjorden og lyster veks som fjell
Eg vil så gjerne freista ein vårleg sprelsk makrell

No skjerpar eg mi stråle ta bodskapen til bords
Be naustets mange lemer å gjere klar til fjords
Så skal vi heidre dagen du stolte gummimakk
og bonden skal få skaffe ein tipp topp ytterfrakk

Du hjelper gamle svake du vene nye sol
No kan eg drøyme dagen og sjå min nattfiol
Når du kjem her tilbake so skal vi lage fest
Makrellen bringer frelse og du er heidersgjest

Tekst og foto G.Skaar

Ingen kommentarer: