Frå bygda det funklar eit livskraftig ja
god morgon ho vinkar i blått
Det glinsar av fjorden i solrenninga
i venleik som vi no har fått
No angar det lukter frå solvarma tang
kjenn kulden sa takk for i år
Høyr tjelden han knepper sin gryfriske sang
og snøen fekk dårlege kår
Det glytter eit glimmer frå spegelen min
han aldri såg venare ut
På flygande teppe som ung Aladdin
eg svever frå verdshav til nut
Det blussar i minnet ein livslystig låt
med rytmar av ungdomens blod
Og augene tindrar i latteren våt
Og augene tindrar i latteren våt
av jenter som spøkte og lo
Eg vandrar det mjuke og doggfriske gras
som pirrar min barføtte fot
Eg seglar på havet ein kvit galeas
og havbrisen kitlar i mot
Eg kysser i varsemd eit solstrålekinn
og tenner dei augene blå
I hugnad for jenta eg draumane vinn
om regnet kjem høljande på
Min livsleik er våren den grør i mitt sinn
av fagnad kvar makalaus dag
Når sysvorta kvitrar i vårkvelden linn
er anden og eg fødd i lag
er anden og eg fødd i lag
Tekst og foto G.Skaar
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar