Dei fanga det digraste fjolset ein dust
eit monster som slukte det meste
I humring og glede eg høyrde han gust
ja no var det tid for å feste
ja no var det tid for å feste
For pinsla og smerten hang dau som ei sild
han kunne meir menneska plage
Og sola skein glitrande gavmild og gild
så angsten han sleppte i mage
Vi senka til botnar ei glye med stein
som aldri såg morgonen atter
Vi skura så hendene blanke og rein
til lovsong og feiande latter
Og dansen på kaia den ljoma i spel
i rusen mot våren og lukka
Vi skåla i saman i trivnad og vèl
for skallen som vi hadde hukka
Tekst og foto G.Skaar
Tekst og foto G.Skaar
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar