Halv åtte



Uro lyster riv i sjela
Krefter ut or bringa spring
Vanskar tyngjer vil deg kvela
Lyset blinkar klokka kling

Dagen ropar angest dåre
Lommar tomme festen svei
Nevar klamme vener såre
Flyktar vreide lange lei

Mørket lokkar viljen slaknar
Dyra kryp langs vegg og grus
Stupet ventar livet raknar
Kroppen styrt av evig rus

Bit i bakken løft di nase
Støtte bur i kvar ein stein
Gravlegg gamle vonde vase
Sjølv om du er sår og klein

Tekst og foto G.Skaar

Ingen kommentarer: