Diamanten


Tida er inne for stressing og mas
storsalet ventar med glitter og fjas
Karboen strøymer og ovdrykken brenn
slektskap og vener i kavete renn

Mange dei håpar på høgstunder stor
somme dei undrar nok så kva dei gjord`
Nyåret glødar når kjerring forsvinn
andre sit faste i edderkoppspinn

Gleda er prima for alle dei små
skjeggete nissar er skumle å sjå
Vismannens oppdrag eit gåtefullt drift
bibelen tykkjest nok framand som skrift

Gåva mi tindrar der bort i det blå
 skin ut av glede for dagane få
Spirer om vårane somrar og snø
lysande dagar og daglege frø

Tekst og foto G.Skaar

Ingen kommentarer: