Morgonen kjælar dei furete kinna
Svartneter kviskrar frå hamrar og skår
Fjellvinden sullar dei eldgamle minna
Fjellvinden sullar dei eldgamle minna
Alvane kallar frå vinter til vår
Vissast du syner meg dagane sanne
Daggryet finn meg i armane blå
Fjellryggar glitrar min næraste granne
Sjelsroa slumrar i tankane få
Lysande solskin frå menneskehender
Songar frå æva i kvilefri vind
Tankane heimatt til jenta eg sender
Venaste anden frå Blåheim og tind
Tekst og foto
G.Skaar
G.Skaar
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar