Tankar om fjell


Eg stundar til å bli eit fjell
som Peter - klippen
Trygg i trua på draumar av kjærleik
til syn av himmelvid blåne i dagning

Eg stundar til å bli eit fjell
som Peter - klippen
Fast i lengten til barmfagre vårar
Som tørst av fossefall friske av renning

Eg stundar til å bli eit fjell
som Peter - klippen
Støpt av tida til fargen av haustar
I seng med rypelyng raude av elde

Eg stundar til å bli eit fjell
som Peter - klippen
Djerv av dagar mot kvitkledde vintrar
I blåst av oskestøv reine i tanke

Tekst og foto
G.Skaar


Ingen kommentarer: