Eg møtte på ferda ein skapning
av motløyse peip han si sut
Det var då det lei i mot dagning
han skulle bak blånar og nut
I einsemd han sat der i søla
og hikste til himmel og li
og hikste til himmel og li
Han brusa med vengjer og nøla
då talen min starta å gli
-
Ingen kan endra på lagnaden
det lodd ein har fått i sitt liv
No treng du å finna til flokken
for her blir det kulde som riv
Han stirde med vemod på andletet
og skjønte kva mil eg var gått
So heva han trassig på nebbet
eg skjønte han hadde forstått
Åt vår kjem du att so vakker
So godt å dra bort ei stund
Eg sit nok og kviler i hytta
sårt treng eg no til ein blund
Det stråla frå klåra av auge
og borte vart fuglen for godt
Stille eg skoda mot heia
Stille eg skoda mot heia
og tusla so inn i mitt slott
Tekst og foto
G.Skaar
G.Skaar
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar