som brennande logen 
Og tagale jenter dei drøymande står 
og skòdar på bogen 
 Ja bogen han glimer av fargane kjær 
den viser dei leia
Mot rikdom i livet uendeleg nær
frå fjorden til heia
Ein gulltråd renn fargar av blømande siv 
som tanken din hyller 
I barnesinn kjære ligg draumar av liv 
i leiken dei tryller 
Av doggfriske kjakar veks spirande blom 
i livet dei dansar 
Bak fjella dei blåe ligg endeleg dom 
som anden din sansar 
 Dit reiser dei alle vi elska so stilt 
i minner og tankar
Av jentene vàre skin regnbogar gildt
i hjarta eg sankar 
 Tekst og foto 
G.Skaar
G.Skaar
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar