Spyfluga og andre fluger


Ei spyfluge surra i solvarmen god
ho vakna frå søvnen bak lista
Ho vandra so stasleg i fiffige sko
med ego ein tru skulle brista

Til selskap ho samla ein svermande hop
i solveggen sat dei og skratta
Dei summa so sæle i prisande rop 
for spyfluga kjærast dei skatta

Den nyglødde hæren gav sjefsfluga fart
til vårdagar stråla av lukke
Men honning og gilde dei ramma so hardt
og brått byrja hopen å sukke

Når dagane mørkna sat flugene fast
og vinteren ramma dei alle
Og spyfluga rømde av ilande hast
såg verdskartet smuldrande skalle

Men fluga den lure med tankane klår
ho plystrar i bekande mørke
Då andre sit klistra i spyflugesår
ho smilet om munnen kan tørke

Tekst og foto
G.Skaar


Ingen kommentarer: