Den einsame ulven


Dei stimar mann av huse for å ta den einsame ulven
Dei flirer og spyttar snus
Somme kjem med hatske utrop

Blant mørke tre i landet av skuggar vandrar han einsam
Ein ungdom på jakt etter ein make å dele livet med
Aldri åleine, han har jord, luft og vind som sine vener
Blant sauer lyser auga hans av kløkt og visdom

Rundt eit bål spyttar mennene meir snus 
Dei deler Jægermeister mellom seg og fortel skrøner

Tekst og foto
G.Skaar 

3 kommentarer:

Kristian sa...

Herlig! Både tekst og bilde.

Gustav Skaar sa...

Takkar for den Kristian. Det provoserer meg mykje denne rabiate opphisselsen om ulven i Sunnfjord. Folk går jo aldeles av skaftet.

Gustav Skaar sa...

Den einsame ulven fekk dauden i gåve
det lakka og lei i mot jul
Då smellet traff bringa han atter fekk sove
Han levde ei lenger i skjul

Dei kvitkledde djevlar av stinkande vonde
slapp jubelen laus i mot sky
For dauden dei amma sin salige bonde
og spytta mot ulven so kry

Den einsame ulven fekk aldri si jente
han djevlane møtte på jag
Men skogane kviskrar - vi andre vil hente
når vinteren går i mot dag