Livet som tolk


No ser eg i lukka med lystig begjær
at knips med ein finger er alt som eg er
Mitt hav er av silver mitt landskap av gull
eg legg meg i graset og trallar ein sull

Eg lyer til suset frå dalar og li
til fuglar som trillar ein fin melodi
Og lever ut livet som kongane kan
frå morgon til kveldar med livet eg vann

Eit frø som eg sådde eg tenkjer på kry
tek arven av lyset til morgonen ny
Til sist står vi alle og likskjorta stryk
frå renning til kveldssol slik dagane ryk

Ko ko syng ein fuggel som lokkar meg fri
Ja slik kan eg lystene eigne meg smi
Eg treng ingen pave eg treng ingen folk
for skipet er lasta med livet som tolk

Tekst og foto 
G.Skaar

Ingen kommentarer: