Sexy syn


Ei sky kverv frå landskapet mektig
eg ser over fjella dei grå
Der dansar ein skapning so prektig
mot kvelven av himmelen blå

I glansfull satin gjennom klufter
ho glinsar i smektande hopp
Og skjelvande yppig ho lufter
sin bankande villige kropp

Eg gyser av sitring og tankar
for hugen er varm som eit sår
Og galskap i tankane vankar
i kvelding ved senga ho står

Ho dansar i rytmar av sødme
so armar og hovudet klør
Av eldblodet kroppen min rødme
det dunkar i panna mi ør

I renning ho kvitra ut glaset
til himmels fòr vitet mitt då
Men atter eg ligg no i graset
og eggande blonder kan sjå

Tekst og foto
 G.Skaar

1 kommentar:

Gustav Skaar sa...

Ein diktars fridom er at nemninga "eg" nødvendigvis ikkje er diktaren, men kven som helst.