Kjærleiken åt morfar


Sjå guten av livet som blømer til kar
i gryet av morgonen fager
Ein morfar med hender av stunder som var
han ordnar med alle slags plager

I guten syng mannen ein ungdommens song
eit rike av blømande hagar
Han tenkjer på tider i graset han sprong
og sola ho skein alle dagar

I hender ligg truskap i hender ligg vår
i hender ligg tidlause smerter
Ein morfar han steller og stryk etter hår
ei framtid av vårdagens hjerter

Når blikket åt guten ser språket til menn
blir vårdagar like i mora
Når kjærleiken spirer har alle ein venn
og hatet ligg gravlagt i jorda

Tekst og foto
G.Skaar

Ingen kommentarer: