Kulde og eld


Eg fraus og skalv av snø og fòk
Og vinden kvein i suligt bråk
Ei hand og fot var kjenslelaus
Då høyrde eg ei stemme taus

No er du tapt i ville spor
Ja, snart du høyrer englekor 
Så flyg no sør til vame land
og strekk deg ut i solrik sand

Og røysta tok meg langt avstad
Til svidde land og heite bad
Eg brann som eld i gloheit sol
Eit rosa skinn ved swimmingpool

Då høyrde eg ei stemme taus
No er du jammen giddalaus
Så finn deg atter snø og is
Du vraltar som ein gamal gris

Ja livet er eit paradoks
Frå brennheit sol til fryseboks
Men vegen er du sjølv som rår
om kroppen tykkjest kald og sår

Tekst og foto
 G.Skaar

Ingen kommentarer: