Steinville lyster


Styla og fjelga eg møter deg att
kjæraste godfjellet mitt
Krusa i håret frå atter ei natt
fjellvinden kjæla deg fritt

Munter og livleg du strålar av dag
blånissar talar ditt språk
Steinville lyster vi sprudlar i lag
stundom med kjensler i råk

Kruna du hevar så stolt på din post
ingen kan rokke di makt
Vårvindar linne til kaldslege frost
alltid i skinande drakt

Vinter og sommar er du i mitt sinn
vårlege stunder vi har
Kjærleikens viser i tankane spinn
elskovens undrande par


Tekst og foto G.Skaar

Ingen kommentarer: