Eg minnest den timen då dag gjekk mot natt
og sola ho anda i sjøen
Eg stod der i fjæra vår dyrbare skatt
i angen frå tongja og bøen
Det leika to gutar i pludrande lått
dei fiska og stulla i saman
Og augene tindra som nybygde slott
for livet var solskin og gaman
Eg tenkte på dagar då berrføtt eg sprang
langs landet ved fjorden og bekken
Eg kunne ei fatte at klokkene klang
for landskapen Gud bar i sekken
Men bibel i handa er knapt noko gagn
for gutungar frie som dagen
Om stranda er sagt som eit gamalde sagn
vart eten av galskap i magen
Nei, no må dei leike på asfalt og støv
med lukta av avfall i nasa
Og larmen i øyra kan gjera ein døv
og trailerar gutungar knasa
Sjå fjorden han ligge der bada i slim
ei glye av olje på yta
Og måsen kan gryler i evige stim
ja, han trenge knappaste syta
Ja, slik var den stranda eit galskapens prov
og gutane gissel av makta
Eg sputtar no snusen mot alle som grov
den stranda som Gud hadda pakta
Tekst og foto
G.Skaar
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar