Sexy bru(d)


Dei bygde den brua
so tårene strøymde
For gleda og trua
dei faenskap gløymde

No går eg til Dale
so tidt som eg makte
Eg aldri meir bale
på ferja å jakte

Men vil du til have`
so ska` eg deg seie
Du aldri kan grave
deg finare leie

Ja sola om fjorden
skin varme om våren
Og her ligg amoren
av englane båren

Og fjella om kvelden
står gyldne og raue`
Med lyset so sjelden
som vakne dei daue`

So kjære min daling
la lystene flomme
Om ung eller skraling
eg ventar deg komme

Tekst og foto G.Skaar

Ingen kommentarer: