Blåis og varme


Isande kulde tok varmen i fjor
Fredleiken falma du heimlege mor
Einsam i verda eg angstfull står att
Livredd min tanke so liten og matt

Milevis borte er duftene god
Blåisen tærer i armar og blod
Glosene svidde i senga som stein
Augene raude frå tårer eg grein
-
 
Varmen skal gløde frå kulden som venn
Solfylte strender gjev livskåte renn
Livet skal lengjast om tanken du trur
 lyset der oppe er salig mi brur

Venskap og vener dei kjem og dei går
Minna vert gleder av attgrodde sår
Kulden gir varme til vårbekkar små
sødmen den sildrar om håra er grå

Tekst og foto G.Skaar

Ingen kommentarer: