Kattejag


Kjetta ho søkjer i ovnshylla inn
når ungane ringjer på dør
Ho spring som ein stormvind og rullar i spinn
og golvflata raspar i klør

Nei, ingen når kjetta i fristaden sin
og hylande ungar gir tapt
Og ofte eg ynskjer ei berghole fin
der tankane stille blir skapt

Tekst og foto G.Skaar

Ingen kommentarer: