Brør


Her vart vi fødde blant solrike dalar
Stødig står du kjære bror
Håra dei grånar men ei har vi kvalar
Aldri eit klagande ord

Du smiler di lukke når dagen er halt
Augene lyser til meg
Når livsmotet minkar og livet blir kaldt
Kreftene smittar frå deg

Vi syngja til våren skal lystige viser
Jenter og sødme som rår
Vinteren strålar av liv utan liser
Lyngen skal bløma mot vår

Når dag går mot natt til mi einsame fær
Rekker du kjærleg di hand
For ingen i livet kjem kjærare nær 
Ingen kan bryte vårt band

Tekst og foto G.Skaar

Ingen kommentarer: