I graset


Eg løfter mitt blikk mot den strålande dagen
den brenn som eit under for alle
Eg ligg her i graset i grønkande hagen
og sola ho steikjer min skalle

Eg ser ut i draumen av spirande flora
som vinkar i vårbrisar lune
I bjørka so skvaldrar den heimlege skjora
ho tergar på katten på tune`

Det beinflyg ei fluge med kvinande låtar
som bulder i vårvàre øyre
På fjorden det dunkar frå nylakka båtar
dei vakraste låtar eg høyre

Frå fjella eg lyer ei klukkande læte
av bekkar som leikande fløyme`
Det stinkar frå bøen av nysprøyta væte
der grasstråa grøderikt strøyme`

No brækar det sauer med fyldige spener
so halar på smålamma tirrar
Og sonen i huset med nyfødde gener
han lettkledde jentene pirrar

Trompeten til frua eg brått lyer sanse
eit vitne om lysteleg hjarte 
Det ulmar i tanken som bankande transe
av solskin og dagane bjarte

 Ja gleda i livet er våren si kjelde
eg kilar meg ømt over mage
For solkjære fuglar kan gløyme si elde
og gryande kjødeleg plage


Tekst og foto 
G.Skaar

Ingen kommentarer: