Kvinner og vin


Draumane lokkar på havet det blå
mot guten frå landet det kalde og grå
No dansar det jenter i solstrålar varm
 med brunfarga kroppar og struttande barm

Ja tankane lokkar til varmare land
til vaiande palmar og brennande sand
No dansar det jenter i havbrisen linn
som kokar ein skalle det heitast du finn

Ein trave i skodde er sørgjeleg syn
i væte og myrar i torden og lyn 
Og kaldslege vindar so neglene sprett
med rennande nase og hovudet tett

Nei, no vil eg fara til varmare stròk
og vinke til vèret og selje min kåk
Eg sola skal nyte med kveldane fin`
sjå hildring i havet av kvinner og vin

Tekst og foto 
G.Skaar

Ingen kommentarer: